Teikningane
Nei, eg har ingen planar om å publisera teikningane av Muhammed her på bloggen! Eg er er altså heilt usamd med VamPus, "Norges beste blogger", sjølv om ho både skriv godt og argumenterer godt. Eg vil heller støtta den muslimsk-kristne fellesuttalen frå religiøse leiarar her i Norge, som tar avstand både frå publiseringa av karikaturteikningane og frå dei valdelege reaksjonane som har kome i ettertid. Uttalen blei gjeven fredag, og har ikkje blitt mindre aktuell i ettertid!
Eg meiner at me må klara å skilja mellom to ulike saker, slik fleire kommentatorar har sagt det dei siste dagane:
- For det første er det ei sak som gjeld ytringsfridomen sine grenser. Her meiner eg at respekt og dialog er nødvendig. Det er ikkje slik at alt treng bli sagt, sjølv om me har rett til å seia alt.
- For det andre er det ei sak som gjeld kva me skal tåla av valdelege handlingar. Her meiner eg at me klart og tydeleg skal seia nei til bruk av vald og brann som politiske ytringar.
Altså: Me har ytringsfridom. Heldigvis. Men det betyr ikkje at me må eller bør gjera respektlause handlingar som å krenka det som er heilagt for andre menneske.
Oppdatering 8. februar: Stavanger bispedøme har har gjeve ein felles uttale saman med Muslimsk Fellesråd i Rogaland. Det er bra! Les heile uttalen her. Den støtter ytringsfridomen og seier samtidig noko om korleis me bør oppføra oss mot kvarandre i samfunnet vårt.
Godt sagt. Har man probler med en annen kultur ellr religon må man ta det opp. Ikke hetse religionen eller dens tilhengere.Jeg har nettopp skrevet et innlegg om Selbekks beklagelse. =)
Posted by: Martin | fredag 10. februar 2006 at 20.49