Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« desember 2005 | Main | februar 2006 »

søndag 29. januar 2006

Kristen mosaikk frå 200-talet

Israel Antiquities Authority har nå stadfesta at funnet eg tidlegare har omtalt her på bloggen (Fangar fann gamal kyrkje), verkeleg er eit mosaikkgolv med kristen symbolikk frå 200-talet. Dette er eit oppsiktsvekkjande funn. Det er frå tida før kristendommen var akseptert religion og det blei vanleg å byggja kyrkjer.

Forskarane fortel at det dei har funne, er den jødiske landsbyen Kfar Othnai, som tidlegare har vore kjent frå skriftlege kjelder. Staden ligg nær Megiddo.  Dei skriv vidare: "The building has a rectangular hall with a mosaic floor bearing geometric patterns, a medallion decorated with drawings of fish, and three Greek inscriptions. One inscription mentions an army officer who contributed toward the paving of the floor. The second inscription is dedicated to the memory of four women, and the third inscription mentions a woman who contributed a table (altar) to the God Jesus Christ. All the inscriptions are related to Christian community ritual activities that took place in the building.

The incorporation of the three inscriptions in the third century CE mosaic floor, that link a Roman army officer to Christianity in a building that dates prior to the recognition of Christianity as an official religion, is rare and unique and very important toward the understanding of early Christianity."

Vidare anbefaler dei å flytta det israelske fengselet som nå ligg på staden, for å gjera funnet tilgjengeleg for utstilling:

"The Antiquities Authority recommends moving the prison and places utmost importance on preservation of the archeological assemblage uncovered in the excavations. This preference stems from the magnitude of these finds and their significance for culture and heritage not only of Israel, but for the whole world, and will enable the preservation and display of the site and the mosaic floor, in their original context, integrated with their environs."
Les heile uttalen frå Israel Antiquities Authority her.

fredag 27. januar 2006

Yad Vashem

I dag er det FNs årlege internasjonale Holocaust-dag. Holocaust er namnet på folkemordet som nazistane under 2. verdskrig stod ansvarlege for. Hovudsakleg gjekk dette ut over det jødiske folket, det blei faktisk drept så mange som seks millionar jødar i løpet av få år før og under krigen.

Img_6075_utsikt_yad_vashem Yad Vashem i Jerusalem er Israels nasjonale Holocaust-museum. Eg besøkte staden sist i april i fjor, og då var det nettopp opna eit nytt hovudbygg med sterke utstillingar og spesiell arkitektur. Me blir leia gjennom ei utstilling over jødisk kultur, antisemittismen, Holocausts tragediar og jødisk motstandskamp. Når me kjem ut frå bygget, står me plutseleg på ein terrasse med storslått utsikt (biletet) over skogkledde dalar og busetnad i det fjerne. Kanskje museumspedagogane med dette vil seia noko om kor mykje dette landet har betydd for jødane som har kome tilbake dit etter krigens redslar?

Img_6076_skulpturElles er det fleire bygg, mellom anna eitt som er reist til minne om barna som mista livet i Holocaust. Her går me inn i mørke. Eit lite lys lyser opp, men ved hjelp av speil plassert rundt i rommet, blir det eine lyset til tusenvis av små lyspunkt. Heile tida høyrer me ein stemme som les opp namn og alder på barn som gjekk bort. Skulpturen på biletet gir eit inntrykk av kunsten som ein møter på staden.

Stavanger Aftenblad har ein stor artikkel om Yad Vashem i vekemagasinenet Pluss idag, skriven av Harald Maaland (i papirutgåva, ikkje på nettet). Her er museet nærare skildra. Eg saksar desse linjene frå artikkelen:

"Vil du prøve å forstå jødene og Israel - og menneskeheten - bør du dra til Yad Vashem. Mange har vært i Auschwitz og Birkenau eller andre tidligere konsentrasjonsleirer og forsøkt å ta tragedien inn over seg. Du slås til marken av ondskapens omfang og grundighet, men hvor lett er det til å trekke trådene til i dag? Yad Vashem gjør det. Derfor er det jødenes og Israels viktigste minnesmerke."

onsdag 25. januar 2006

Paulus si omvending

Verbum Forlag sin bibelleseplan for kyrkjeåret 2005/2006 fortel at det i dag er Apostelen Paulus sin omvendingsdag, og at denne dagen i gamal norsk tradisjon blir kalla Pålsmesse.

Då kan det jo vera på sin plass å repetera litt omkring Paulus si omvending. Paulus, som då heitte Saulus, var opprinneleg ein av dei som forfulgte dei første kristne, ja, han var faktisk den som organiserte forfølgingar. Så møtte han Jesus i eit syn utanfor Damaskus (i dagens Syria) og dette snudde opp/ned på livet hans. Etter ei tids opplæring blei han den viktigaste teolog og misjonær i den første kristne generasjonen. Omvendinga hans skjedde kort tid etter Jesu død og oppstode, omkring år 33. Meir stoff om Paulus si Damaskusoppleving finn du bl a her.

Eg tar med dei sentrale versa i forteljinga her. Resten kan du lesa i Apostelgjerningane kap 9 i Bibelen. "Saulus rasa endå mot Herrens disiplar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem. Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han. Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?» «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon."

Det er Lukas som fortel om Paulus si omvending i Apostelgjerningane kapittel 9. Sidan gjengir han historia i talar der Paulus ser tilbake på opplevinga i kap 22 (forsvarstale til folket) og kap 26 (forsvarstale for kong Agrippa II).

laurdag 21. januar 2006

Utstein Pilegrimsgard

Flyfoto I kveld har eg vore på eit stort arrangement i IMI-kirken til inntekt for Utstein Pilegrimsgard, eit retreatsenter som er under oppbygging her i distriktet, nær Utstein Kloster. Pilegrimsgarden ligg nede til høgre på biletet (foto: Utstein Pilegrimsgard)

Arrangementet var flott, men dessverre blei han som skulle vera hovudtalar, Peter Halldorf, forhindra frå å koma på grunn av uveret. Han sat faktisk fast i København. Eg skulle eigentleg høyrt han tala både på arrangementet i kveld og på eit seminar tidlegare i dag, og hadde gleda meg til dette. Nok om det. Eg vil heller skriva litt om Pilegrimsgarden, som jo var det som samla oss i kveld.

Utstein Pilegrimsgard skal vera "et senter for stillhet, bønn og åndelig veiledning". Eg har dei siste åra hatt stor glede av å delta på nokre retreat (stille dagar) og elles av å lesa bøker av forfattarar som er knytt til retreatbevegelsen (og Peter Halldorf er i denne samanhengen ein viktig forfattar). Eg syns også at tidsskriftet OVER ALT gir meg mykje godt stoff. Dette er eit tidsskrift "for kristen spiritualitet og åndelig veiledning" som gis ut av Peterstiftelsen og det er knytt til den økumeniske retreatbevegelsen.

Arbeidet med Utstein Pilegrimsgard er i ein startfase. Eg tar derfor med eit par uttaler som seier litt om kva tankar me i kyrkjeleg samanheng gjer oss om framtida på Utstein.

"I en tid da alt skal gå fort, oppstår lengselen etter langsomhet, stillhet, ettertanke og dybde i livet. Gjennom et retreat kan vi møte disse lengsler. Jesus trakk seg ofte tilbake til langsomheten, i stillhet og bønn. Vi vil følge dette forbildet, og har nå funnet det ideelle sted for at mange skal få tid til stillhet og ettertanke. Gjennom Utstein Kloster og Utstein Pilegrimsgard har vi en unik mulighet til å realisere vår drøm. Det er nå opp til oss alle å være med å skape et sted som vil bli et åndelig kraftsentrum i vårt fylke og hele vårt land." (Biskop Ernst Baasland)

Continue reading "Utstein Pilegrimsgard" »

I apostlane sine fotspor rundt Efesos

I går kveld var eg ute og heldt foredrag over temaet I apostlane sine fotspor rundt Efesos. Eg hadde med ein del bilete frå Efesos og dei andre sendebrevsmenighetane, frå Kolossæ og Hierapolis (alt i dagens Tyrkia) og frå den greske øya Patmos. Bakgrunnen for foredraget var dei to turane som eg hadde i dette området i fjor og som eg har skrive ein del om her på bloggen.

Ein grovdisposisjon for foredraget var:

  • Innleiing om Efesos, ein viktig by i Romarriket, og om dei arkeologiske utgravingane der.
  • Efesos som kristen by: Byen er viktig i NT (Apostelgjerningane og breva) og viktig for den første kristne kyrkja (bl a vertskap for det økumeniske konsilet i 431).
  • Paulus i Efesos: Om Paulus som misjonær, om hans to opphald i byen og om opprøret som førte til at han forlét byen.
  • Ringverknadar av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen. Eit eksempel: Epafras frå Kolossæ som reiser heim og planter menighetar i Kolossæ, Hierapolis og Laodikea.
  • Johannes i Efesos. Ulike tradisjonar om kva tid han kom dit. Forfølgjing under keisar Domitian. Forvisning til Patmos.
  • Johannes på Patmos. Johannes får sine openberringar som er grunnlaget for Johannes' Openberring.
  • Ein omtale av nokre av sendebrevsmenighetane: Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.
  • Johannes tilbake til Efesos etter Domitians død. Johannes-tradisjonane i Efesos. Apostelens grav i Johannesbasilikaen.

Foredraget blei halde på ei samling for personalet på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

fredag 20. januar 2006

Dødehavsrullane

Img_6529_qumran Heilt sidan Dødehavsrullane blei funne i holer i ørkenen ved Dødehavet i 1946 og åra etterpå, har det vore stor interesse for desse skriftene. Dødehavsrullane er gamle handskrift frå ei jødisk gruppering som levde i eit klosterliknande fellesskap ved Dødehavet dei siste hundre åra før Jesus og fram til busetjinga deira blei øydelagt av romerske soldatar under den jødiske krig i år 68 e. Kr. Staden dei levde heiter i dag Qumran. Folket som budde der tilhøyrde den jødiske retninga essearane.

Det første biletet er frå utgravingsområdet i Qumran, med Dødehavet i bakgrunnen. Det andre biletet viser terrenget i ørkenen der holene med Dødehavsrullane blei funne.

Img_6517_qumran_1 Det er nyleg opna ein ny og norsk blogg med stoff om Dødehavsrullane: qumran.no. Denne bloggen har mykje interessant stoff knytt til staden og folket som budde der. Bloggen er skriven av Qumran-spesialisten Anders Aschim, som eg tidlegare har omtalt i innlegget BlixBlog.

Continue reading "Dødehavsrullane" »

søndag 15. januar 2006

Solo mot 71 grader nord

Ragnar_fjeld Ragnar Fjeld frå Bryne (for å vera heilt nøyaktig: Lye) har i helga lagt ut på sin store og lenge planlagte tur aleine på ski frå Lindesnes til Nordkapp. Du kan følgja han på nettsida Norge på langs 2006. Fyrvaktaren på Lindesnes skriv i sin omtale av turen at Ragnar på 23 år kanskje er den yngste som har tatt denne turen aleine nokon gong.

Inntrykket eg får på nettsida og omtalen eg har høyrt om turen på førehand tyder på at turen er godt planlagt. Det er nok også nødvendig! Ragnar vil nok få bruk for alt han har lært om friluftsliv, bl a frå fleire år som aktiv speidar i 1. Bryne KFUM!

Etter at Inger i fjor sykla Nordkapp-Lindesnes aleine, har eg fått eit betre inntrykk av kor langt dette eigentleg er, og eg har ikkje noko behov for å prøva meg på turen sjølv, verken på ski eller sykkel. Men eg vil gjerne vera blant dei som ønskjer GOD TUR og eg kjem til å følgja med på koss det går!

fredag 13. januar 2006

Dei sju underverka

Img_4505 Nå er det muleg å stemma på kva som skal reknast som dei sju "nye" underverka i verda. New 7 Wonders Foundation har sett igang denne kåringa og presenterte ved nyttårsskiftet 21 finalistar. Nå er det opp til oss å stemma, og ved neste årsskifte vil resultatet bli kunngjort.

Biletet frå Istanbul viser Hagia Sofia, ein av finalistane. Hagia Sofia blei bygd under keisar Justinian i 537. I 1453 blei den gjort om til moské og frå 1934 museum både for den kristne og den muslimske perioden i bygningen si historie. Hagia Sofia var i ni hundre år rekna som den største og viktigaste kyrkja i verda. For meg er den framleis først og fremst ei kyrkje.

Dei 21 finalistane er

  1. Akropolis, Athen, Hellas
  2. Alhambra, Grananda, Spania
  3. Angkor, Kambodsja
  4. Chichen Itza, Yucatan, Mexico
  5. Kristusskulpturen, Rio de Janeiro, Brasil
  6. Colosseum, Roma, Italia
  7. Statuane på Påskeøya, Chile
  8. Eiffeltårnet, Paris, Frankrike
  9. Den kinesiske muren, Kina
  10. Hagia Sofia, Istanbul, Tyrkia
  11. Kiyomizutempelet, Kyoto, Japan
  12. Kreml, Moskva, Russland
  13. Machu Picchu, Peru
  14. Neuschwanstein slott, Füssen, Tyskland
  15. Petra, Jordan
  16. Giza-pyramidane, Egypt
  17. Fridomsstatuen, New York, USA
  18. Stonehenge, Amesbury, Storbritannia
  19. Operahuset, Sydney, Australia
  20. Taj Mahal, Agra, India
  21. Timbuktu, Mali

Bakgrunnen for denne kåringa er det gamle omgrepet dei sju underverka i verda. Tanken om dei sju underverka kjem frå den greske antikken og kan førast tilbake til 200-talet f. Kr. Men lista har utvikla seg noko sidan den tid. Det som nå er kjent som dei sju underverka, var alle menneskeskapte monument i det som den gong var den kjente verda (med greske auge):

  1. Fyrtårnet på Faros ved Alexandria
  2. Artemistempelet i Efesos
  3. Zeusstatuen i Olympia
  4. Kolossen på Rhodos
  5. Mausoleet i Halikarnassos
  6. Dei hengande hagane i Babylon
  7. Pyramidane i Giza i Egypt

Desse underverka var bygde mellom år 2500 f. Kr og 200 f. Kr. Det er bare dei egyptiske pyramidane som framleis finst og som dermed har kunna koma med på den nye lista.

tysdag 10. januar 2006

Årsdag for bloggen

I dag er det eitt år sidan eg opna bloggen min. I innlegget Tilbakeblikk som eg skreiv på nyttårsaftan, tok eg ikkje med noko om dette. Det ville eg spara til i dag. Det har blitt drøyt 150 innlegg på bloggen i løpet av året. Eg likar formidling. Og faktisk er det kvar dag ein del lesarar innom på bloggen. Det set eg pris på!

Mange av innlegga er knytt til kategorien som eg har kalla Bibelsk arkeologi, historie og geografi. I ettertid ser eg at namnet på kategorien ikkje er heilt presist, men eg vel å ikkje gjera noko med det. Fokus har vore på NT og til dels på Oldkyrkja, ikkje på heile Bibelen.

Eg markerer årsdagen med linkar til dei to innlegga som eg skreiv då eg opna bloggen 10. januar 2005:

søndag 8. januar 2006

Kristi openberringsdag

Ei lita oppdatering på kyrkeåret: Denne søndagen heiter Kristi openberringsdag, eller Epifania etter det greske ordet for openberring. Me er framleis i juletida. Fram til 1770 var Epifania eigen høgtidsdag her i landet, fast plassert på 6. januar. Nå blir dagen markert første søndag etter nyttårsdag. I dei ortodokse kyrkjene er framleis 6. januar ein heilagdag, og fleire av desse kyrkjene (f eks i Russland) feirar Jesu fødsel denne dagen i staden for 25. desember.

Teksten for denne søndagen står i Johannesevangeliet: Igjen tala Jesus til folket og sa: "Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys." (Joh 8,12)

Denne teksten seier meg blant anna at ein ikkje treng forstå "alt" for å kunna tru på Jesus. Trua på Jesus gir faktisk ein ny innsikt (livsens lys). Credo ut intelligam (eg trur for å forstå), sa Anselm av Canterbury om dette.

Continue reading "Kristi openberringsdag" »

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja