Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Kyrkjeåret | Main | Hollywood Onnai »

fredag 25. november 2005

Pitabrød

I dag hadde me pitabrød til middagen vår. Det er i og for seg ikkje noko uvanleg i det berg'ske hus. Etter at familien budde i Jerusalem eit par månadar for nokre år sidan, har både unge og gamle eit spesielt og godt forhold til desse brøda.

Det som fanga interessa mi spesielt då eg laga middagen i dag, var teksten som stod på Pitabrød-pakken Eldorado* frå NorgesGruppen:

"Vi må til det gamle Midt-Østen for mer enn 3000 år tilbake for å finne pitabrødets opprinnelse. Gjennom århundrer har pitabrødet blitt spist på kontinent etter kontinent, for så å ende opp slik vi kjenner det i dag."

3000 år tilbake i tida i Midt-Austen. Kor er me då i historia? Jo, det var tida då kongane David og Salomo regjerte i Jerusalem. David regjerte ca 1000-965 f. Kr. og Salomo ca 965-926 f. Kr.

Pitabrøda fører oss altså tilbake til den bibelske historie, for ikkje å seia til den bibelske kvardag. Desse brødet er nok det næraste me i dag kjem dei brøda dei åt, dei personane som me kjenner frå GT og NT. Ja, for dette var nok også brødet på Jesu og dei første kristne si tid.

(* Med tanke på at gamle speidarkameratar frå 25. Stavanger KFUM si glanstid på 1970-talet kan koma til å lesa dette, kan eg ikkje unnlata å presisera at eg godt huskar kva ordet Eldorado betydde for oss: Den gedigne to-seters utedoen på speidarhytta Baroniet, der den eine dotønna heitte Eldo og den andre heitte Rado)

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja