Kyrkjeåret
Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendomen, har to kalendrar som går parallellt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime.
Første sundag i advent begynner eit nytt kyrkjeår. Førstkomande sundag er altså som ein kyrkjeleg nyttårsdag! Eg markerer det her på bloggen med å oppretta kyrkjeåret som ny kategori, og skal i året som kjem prøva å halda bloggen oppdatert også på dette området.
Eg er glad for at kyrkjeåret vekslar mellom ulike sundagar, høgtider og periodar. Det er med og gir året innhald. Det blir på ein måte som med kalenderåret; me er heldige som har ulike årstider. Sjølv om eg ikkje ville vore utan hausten, er eg glad det ikkje er haust heile året!
Kyrkjeåret sitt utgangspunkt er feiringa av sundagen. Dette går heilt tilbake til dei første kristne. Dei begynte å samlast på den første dagen i veka, sundagen, som var dagen då Jesus stod opp frå dei døde. Dei feira altså på ein måte påske kvar veke.
Sidan vaks det fram eit kyrkjeår der kvar sundag og kvar heilagdag har sitt eige namn og sitt spesielle innhald. Den som følgjer med på dette, får setja seg inn i ulike sider ved den kristne trua og ved Jesus, han som er hovudpersonen i den kristne trua.
Kvar sundag og kvar heilagdag har sine bibeltekstar. Vil du finna ut kva som er neste sundags tekstar? Ein enkel måte å gjera det på der å gå til Den norske kyrkja sine nettsider, og klikka deg inn på Søndagsportalen. Der er det også ein kommentar til preiketeksten for dagen.
Hovudinndeling av kyrkjeåret
- Advent
- Jul
- Openberringstida
- Fastetida
- Påsketida
- Pinse
- Treeiningstida
Liturgiske fargar
Ut frå innhaldet har dei ulike tidene og dagane i kyrkjeåret sin farge. I vår tradisjon er det vanleg å nytta fire ulike liturgiske fargar; kvit, lilla, rød og grøn. Fargene kan forklarast slik: Kvitt (eller gyllent) er fargen til Kristus-høgtidene, festen og gleda. Lilla (eigentleg: fiolett) er fargen for førebuing, bot og sorg. Rødt er fargen for Anden og Kyrkja, blodet og martyriet sin farge. Grønt er den nøytrale og fargen for vekst. Den blir nytta i dei tidene i kyrkjeåret som ikkje klart er knytt til dei andre fargene.
Verkar dette ukjent? Vel, alle veit at lilla er fargen for adventstida. Og at gult (eigentleg kvitt) er fargen for påske. I kyrkjene blir dei liturgiske fargene nytta heile året, bl a på stola og messehakel som er delar av prestedrakta, og på preikestolklede og andre kyrkjetekstilar i dei kyrkjene som har det.
Tekstane i kyrkjeåret
Den fullstendige oversikta over bibeltekstane som er knytt til dei enkelte dagane i kyrkjeåret, finn du i ei liste som står bak i dei fleste bibelutgåver. Her er oversikta over tekstane for kyrkjeåret 2005-2006.
I lista bak i Bibelen står det for kvar sundag og heilagdag to sett med tekstar. Me kallar desse for første og andre tekstrekke. Kvart sett med tekstar inneheld ein tekst frå GT, ein tekst frå evangelia eller Apostelgjerningane og ein frå resten av NT. For kyrkjeåret 2005-2006 nyttar me den andre tekstrekka, som er merka med romartal II. I tillegg står det nokre tilleggstekstar, merka T.
Koss skal me forstå kyrkjeåret?
Tore Kopperud (som eg hadde som lærar i liturgikk då eg tok praktisk-teologisk seminar på MF) skriv i boka På vandring gjennom kirkeåret at han ser på kyrkjeåret som eit pedagogisk hjelpemiddel: "Talen om kirkeåret er en rent pedagogisk hjelpetanke, båret oppe av et klart teologisk innhold. Denne verdifulle hjelp kan hindre ossfra å falle i subjektivisme, ensidighet og vilkårlighet. Kirkeåret vil verne om Skriftens objektivitet og bidra til at alt Guds ord kommer frem (sml Apg 20,27)."
Meir stoff om kyrkjeåret:
Om kirkeåret (Den norske kyrkja)
Kirkeåret (Mari-Ann Vefald, Høgskulen i Volda)
Hvordan kan vi bruke kirkeåret? (Den katolske kyrkja i Norge)
Kirkeåret (Liturgisk senter)
Hei Arne, dette var interesant, no læra eg noko nytt i dag og! Kjekt å sjå på blogen din!
Posted by: Ommund | fredag 25. november 2005 at 16.41