I dag har me funne fram den sjuarma lysestaken og adventsstjerna til å ha i vinduet. Me skal tenna dei i kveld før me går til sengs, - og så skal dei lysa i vekene framover! Og i dagane som kjem, vil det koma ulike formar for adventspreg i heimen vår.
Me finn ikkje fram julepynten ennå, sjølvsagt, men det går då verkeleg an å pynta til advent! Lilla er fargen for adventstida. Me tenner lys, me har adventskalender, me finn fram englane frå julepynten (dei får vera med saman med den lilla adventspynten) og me finn fram CD'ar med julemusikk.
Adventsstaken med fire lys er ein viktig del av dette. Hos oss tenner me den kvar dag, hos andre gjer dei det kvar sundag fram mot jul. Uansett koss ein gjer dette; ennå er det bare det eine lyset som får brenna.
Nokre av adventstradisjonane våre startar ikkje før 1. desember. Det er sjølvsagt fordi dei er basert på ei nedtelling over 24 dagar. For min eigen del satsar eg også i år på å lesa Jostein Gaarder si bok Julemysteriet på den måten; eitt kapittel kvar dag i 24 dagar. Denne boka fascinerer meg framleis, fleire år etter at me sist hadde høgtlesing av den her i huset.
For meg er advent ei viktig og ei flott tid. Fordi den har eit viktig innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknadar, som det at folk blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa fellesskap og varme.
Det er mange flotte adventssongar. Ein av dei seier rett og slett: "Hvert adventslys skal minne om / at Jesus, lysets Herre, kom." (Svein Ellingsen: Mens frost og vintermørke rår, Norsk Salmebok nr 23). Så enkelt kan det seiast!
Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini og dette betyr Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å venta, men om å koma. Og det er Jesu kome det dreier seg om. I kyrkjeleg samanheng seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom.
Recent Comments