Det er ikkje kvar dag det kjem stort oppslag om eit arkelogisk funn på førstesida i ei dagsavis. I går skjedde det, og eg med mine (litt spesielle?) interesser sette mest morgonkaffien fast i halsen då eg las om funnet av det som kan vera ei kyrkje frå 200-talet.
Ikkje nok med at dette i så fall er veldig interessant for kyrkjehistorisk og arkeologisk forsking. Sjølve historia om koss restane etter den gamle kyrkja kom for dagen, er jo også fascinerande! Eg saksar litt frå artikkelen i Vårt Land:
"Razilo var ein av 60 fangar som vart sett til å grave ut tomta til påbygg av Megiddo-fengselet nord i Israel. Stor var overraskinga då han og medfangane fann mosaikk med bilete av det gamle kristne symbolet fisken og tekstar som kan kaste nytt lys over nattverdfeiringa i den tidlegaste kristne kyrkja.
Israelske arkeologar trur dei har funne restar av ei kristen kyrkje bygd allereie på 200-talet, fleire tiår før keisar Konstantin innførde kristendommen som statsreligion i det bysantiske imperiet.
– Det er ein svært gammal konstruksjon, kanskje den eldste i Det heilage landet, seier sjefarkeolog Yotam Tefer, ifølgje Kristeligt Dagblad."
Den norske forskaren Torleif Elgvin uttaler i ein kommentar til Vårt Land 08.11 at kyrkja, viss dette stemmer, er ei av dei tre eldste kyrkjene som er gravde ut. Dei to andre finn me i Akaba i Jordan og i Dura Europos i Syria.
Meir stoff om funnet:
- Haaretz 07.11.05: Prison dig reveals church that may be the oldest in the world
- Kristeligt Dagblad 07.11.05: Unikke kirkeruiner fundet på bibelsk sted
- Vårt Land 08.11.05: Fangar grov fram eldste kyrkja i verda
- Haaretz 09.11.05: Katsav to tell pope about church discovery
Comments