Efesos
Efesos var ein av dei store og viktige byane i Romarriket. Den hadde truleg ca 250.000 innbyggjarar og var hovudstad for ein av dei romerske provinsane. Byen låg på vestkysten av Lilleasia, i dagens Tyrkia.
Dei arkeologiske utgravingane i denne byen er blant dei mest interessante frå Romarriket. Her er det grave fram så mykje at me kan danna oss eit godt bilete av koss byen har sett ut.
Eg syns det er spennande å gå rundt i utgravingsområdet. Det er så mykje å sjå! Det er først og fremst mange flotte bygningsrestar frå imponerande offentlege bygg. Mellom desse bygga kan me gå på breie og steinlagde hovudgater frå hellenistisk og romersk tid. Me kan også sjå restar etter store kristne kyrkjer som blei bygd nokre hundre år seinare.
Det første biletet viser litt av Hadrians tempel frå det 2. hundreår e. Kr. På det andre biletet står eg og ser utover det store torget (agora) som var den sentrale markedsplassen i antikken. Her har nok bibelske personar som Paulus, Johannes og Timoteus (som alle budde ein del av livet i Efesos) vore og gjort sine daglege innkjøp!
Paulus var den første som forkynte det kristne budskapet i byen. Dette var tidleg på 50-talet, altså bare ca 20 år etter Jesu død og oppstode i Jerusalem. Etter kvart blei byen ein svært viktig by i første kristne kyrkja. Store delar av Det nye testamentet er faktisk enten skrive i Efesos eller skrive til dei kristne som budde i byen!
Relaterte artiklar:
Comments