Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Neste stopp: Tyrkia! | Main | Tyrkisk kaffi »

torsdag 2. juni 2005

Tankar frå ei tyrkisk strand

Eg har hatt nokre ganske innhaldsrike dagar her i Tyrkia. Har i dag kome fram til ein herleg stad ved Egeerhavet, med strand og utsikt utover over til Samos, ei av dei greske øyane. Her har eg nå i ettermiddag og kveld slappa av på Club Hotel Grand Efe etter mykje reising og mange inntrykk.

Eg har vore i storbyen Istanbul, som er ein møtestad mellom aust og vest både historisk og religiøst. Vidare har eg vore på ein rundreise til stadar knytt til den eldste kyrkja si historie på stadar som nemnt i Apostelgjerningane, Paulus sine brev og i Johannes Openberring. Og eg har hatt store naturopplevingar, som i Pamukkale.

Først var eg i Istanbul, ein by med over 12 millionar innbyggjarar. Der såg eg på mange historiske monument både frå den tida byen var kristen og frå muslimsk tid. Byen var i over 1000 år den viktigaste kristne byen i verda, frå den blei hovudstad i det austromerske riket i 330 til muslimane inntok byen i 1453.

Istanbul har geografisk sett ei heilt spesiell plassering. Img_0136 Den ligg dels i Europa, dels i Asia! Dei fleste historiske stadane ligg i den europeiske delen av byen, og det var der eg budde. Men ein kveld tok eg ferja over til den asiatiske sida. Båtturen tok 15 minutt og kosta 5 kroner. Så det er ikkje så langt frå Europa til Asia som ein skulle tru!

Dei to siste dagane har eg vore i Vest-Tyrkia, med utgangspunkt i Izmir. Her skal eg vera eit par dagar til. Eg har reist ein rundtur til fleire av dei sju byane som fekk "sendebrev" frå apostelen Johannes, gjengjevne i Johannes' Openberring kap 2-3.

Desse byane er i dag veldig forskjellige. Nokre stadar er dei i dag moderne byar med bare større eller mindre historiske minnemerke frå romersk tid (dvs nytestamentleg tid). Img_0171 Andre stadar kom eg til spanande arkeologiske utgravingsområde som gir eit godt inntrykk av koss byen var den gong. Og andre stadar møtte det meg utmark med historiske bygningsrestar som stakk opp av jorda her og der, altså stadar som bare ropar etter arkeologar som har tid og pengar til å grava dei ut! Eg har vore og sett Smyrna (= Izmir), Sardes, Filadelfia, Laodikea og Efesos. For meg som er spesielt interessert i bibelsk arkeologi, historie og geografi har det vore veldig interessante dagar. Eg har opplevd det same som eg tidlegare har opplevd andre stadar i bibelske område; eg får eit nytt perspektiv på bibeltekstane når eg får sjå stadane dei er knytt til og lærer meir om historia til desse stadane. Biletet viser ruinen etter Johanneskyrkja i Filadelfia (frå ca 600 e.Kr.) med ein moske i bakgrunnen.

Efesos har eg førebels bare sett såvidt. Det er den største og mest interessante av stadane. I morgon står dei arkeologiske utgravingane der på programmet mitt. Byen var, i tillegg til å vera ein av byane som fekk sendebrev frå Johannes, også ein av dei viktigaste byane for Paulus. Han budde her i to og eit halvt år og dreiv misjon med utgangspunkt i byen. Dessutan er fleire av breva i NT skrive til dei første kristne i denne byen (Efesarbrevet, 1. og 2. Timoteusbrev) og fleire av dei andre breva er truleg skrivne av Paulus mens han var der. Så Efesos har ein stor plass i NT!

Img_0207_2Elles har eg i dag hatt ei naturoppleving av dei sjeldne. I byen Pamukkale er det, som eg nemnte i innleiinga til denne artikkelen, eit fjell som består av kalksteins-terrassar, Img_0205 danna gjennom tusenvis av år av rennande, mineralrikt vatn frå varme kjelder. Pamukkale betyr "bomullsslottet" og det er eit passande namn. Fjellet er krittkvitt og viser på lang avstand. Det ser eigentleg ut som om det er dekka av snø. Eg gjekk ned denne fjellsida i og ved rennande og varmt vatn. På biletet sit eg med beina i ein bekk med varmt kjeldevatn som renn ned eit krittkvitt fjell med kalksteinsavleiringar. Staden er unik i verdssamanheng, og den er med på UNESCO World Heritage List (som Masada, som eg har skrive om tidlegare).

Det er noko spesielt ved å reisa i eit land som eingong var ein viktig del av den kristne kulturen, og som nå er nærast totalt avkristna! Det er trist, og gir grunn til mange tankar. Eg trur eg vil venta med å skriva meir om dette. Eg kjenner eg treng meir tid til sjølv å fordøya opplevingane! Konstantinopel (som Istanbul heitte i kristen tid) var hovudstad i det bysantinske riket, som var eit stort og viktig kristent rike. Hovudkyrkja i byen var Hagia Sophia (den heilage visdomen si kyrkje) -  den blei seinare omgjort til moske og nå er den museum. Og byane som fekk alvorlege og utfordrande sendebrev frå Johannes, som var forvist til øya Patmos, er i dag meir eller mindre utan kristne menneske. Det er heldigvis framleis nokre kristne igjen i Tyrkia, men dei er ikkje mange. Offisielt er det religionsfridom, men kyrkjene (som den gresk-ortodokse, som tidlegare var stor her) opplever mykje motstand og strever med å halda på posisjonen sin. Mange av dei gresk-ortodokse kristne flyttar frå landet for å få eit enklare liv.

Men biletet er ikkje bare mørkt, sett frå ein kristen synsstad. Eg har denne veka møtt evangeliske kristne som er her fordi Gud har sagt at dei skal vera her! Dei arbeider i det stille med kyrkjeplantings-prosjekt, og dei håper og trur at dette arbeidet skal gje vekst i framtida gjennom huskyrkjer i tyrkiske heimar. Det er godt å vita om desse, og det er viktig at me som er kristne i vesten er med og ber for dei som slik har ei viktig og spesiell misjonsteneste.

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja