Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Jesus i møte med dei jødiske leiarane | Main | Påskeutstilling »

fredag 4. mars 2005

Peters fall

Den natta Jesus blei ført til Kaifas' hus, fulgte Peter etter. Han ville få med seg kva som skjedde. Han kom så langt som inn i gardsrommet til øvstepresten. Der var det eit bål, og mange folk samla seg rundt bålet for å halda varmen.

Der ved bålet var det Peter svikta Jesus så grovt! Han nekta på at han kjente Jesus! Då han for tredje gong blei konfrontert med at han måtte vera ein av Jesu vener, gjekk det heilt galt for han:

Då sette han i og banna og svor: "Eg kjenner ikkje den mannen." Straks gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: "Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger." Og han gjekk ut og gret sårt. (Matt 26,74-75)

Det er natt nå når eg sit og tenkjer på denne historia. Eg har funne fram ei bok med "pasjonsbetraktninger", det vil seia små andaktar med utgangspunkt i Jesu lidingshistorie. Boka heiter Visere enn menneskene, og er skriven av den danske biskopen Georg S. Geil. Han skriv:

"Simon Peter! La dem som har råd til det, se nedlatende på deg. Jeg takker min Herre for at det ble plass til deg i evangeliets beretninger. Som få andre minner du meg om at det er forskjell på fall og frafall, - at ikke engang det forferdeligste fall i seg selv betyr frafall."

Det nye testamentet fortel at Peter var rask til å ta ordet, og han uttalte seg gjerne på vegne av dei andre disiplane. Han var der det skjedde. Han ville gå på vatnet då dei andre sat i båten. Og altså: Han var den som fulgte etter den arresterte Jesus, men som nekta for at han kjente han. Likevel satsa Jesus på han og gav han store og viktige oppgåver i livet.

Kanskje nettopp det at han etter å ha falle så djupt, blei møtt med nåde og nye utfordringar etter Jesu oppstode, var med på å styrka Peter si tru?

Det er nok fleire enn den danske biskopen som kjenner seg igjen i Peter og som er glade for at Jesus ikkje gav opp å ha han som disippel!

Relaterte artiklar:

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja