Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 4. april 2008

NB: Bloggen har flytta til WordPress

Frå i dag har bloggen flytta over til WordPress og du finn nå alt det gamle innhaldet, i tillegg til nye innlegg, på nettsida arneberge.wordpress.com

Grunnen til at eg skifter beite, er at WordPress er ei gratisteneste som, så vidt eg kan sjå, leverer like godt produkt som TypePad. Når det i tillegg var mogleg å importera alt stoffet her frå bloggen over i den nye, var det ikkje så vanskeleg å bestemma seg.

Bloggen har vore i drift her på TypePad sidan januar 2005. Det har vore tilsaman i overkant av 43.000 sidevisningar på bloggen. Du står for ein av desse, akkurat nå!  Og det er altså mogleg å følgja med også i tida framover, men då på den nye adressa. Takk for meg, her på denne staden!

Biblical Studies Carnival

Biblical Studies Carnival XXVIII blei nyleg publisert på Thoughts on Antiquity.

Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.

tysdag 1. april 2008

Gennesaretsjøen er funnen!

Dagens beste aprilspøk innan kategorien bibelsk arkeologi var av det ironiske slaget. BiblePlaces Blog melder i dag at Gennesaretsjøen er funnen og tar med reaksjonane hos ulike grupperingar:

Officials today announced that the Sea of Galilee, famous in the New Testament as the location of Jesus' ministry, has been discovered! Reaction to the announcement was decidedly vocal in all quarters. Evangelicals claimed that all of the Bible was hereby proven to be true.  One biblioblogger denounced the archaeologists as right-wing fundamentalists, asserting that no such body of water ever existed but the Bible is completely true nonetheless.  A Palestinian spokesman said that this is all just a plot to steal their land.  One Christian Zionist organization already had an appeal letter for funds in the mail. 60 Minutes had undercover reporters on the scene in hopes of finding an Egyptian scientist to explain how it must be a fraud.  A bulletin posted on Ron Wyatt's website confirmed that they had already located Jesus' footprints in the water.  (les meir)

søndag 30. mars 2008

Korfor stod Jesus opp?

Jesus lever! Det er den grunnleggjande bodskapen til oss nå i påsketida. Men korfor stod eigentleg Jesus opp frå døden? 

Bloggen Singing In The Reign, som er skriven av to katolske teologar, peikar på at teologen og filosofen Thomas Aquinas (på 1200-talet) rekna opp fem grunnar til Jesu oppstode:

1.  It reveals God’s justice. Because Christ humbled himself and died on the cross out of love and obedience to the Father, God lifted him up by a glorious resurrection.

2. It was necessary for the confirmation of our faith in Christ. Thomas cites Paul, who explains that the resurrection attests to the power of God (2 Cor 13:4).

3. It gives us hope for the resurrection of our bodies. This, of course, is the whole point of 1 Corinthians 15. As Paul writes, “Now if Christ be preached that He rose from the dead, how do some among you say, that there is no resurrection of the dead?" (1 Cor 15:12)

4.  It means death to sin and new life in Christ for us. Since we are united with Christ we have not only died with him but been raised with him to newness of life. Thomas cites Romans 6:4, 11: “We were buried therefore with him by baptism into death, so that as Christ was raised from the dead by the glory of the Father, we too might walk in newness of life… 11 So you also must consider yourselves dead to sin and alive to God in Christ Jesus.”

5.  It completes the work of salvation. This is an especially important point that is far too often overlooked. Christ’s death is not the only aspect of his work for our salvation. Again, Thomas cites Paul, who explains that Christ was “put to death for our trespasses and raised for our justification” (Rom 4:25). Most people forget about this verse and simply profess that Jesus died for our salvation--but that's only part of it! (les meir)

fredag 28. mars 2008

Varhaug gamle kyrkjegard

Varhaug_gamle_kyrkjegard I påsken var eg ein tur i flott vinterver på Varhaug gamle kyrkjegard, heilt ute ved kysten her på Jæren. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan mellomalderen. Her låg kyrkja for Varhaug sokn gjennom mange hundre år. Den første kyrkja på staden blei truleg bygd på 1300-talet, seinare blei det bygd nye kyrkjer på 1600-talet og 1800-talet. Den siste blei riven i 1905 då den nye Varhaugkyrkja var bygd på Odland. I dag står det eit lite kapell på staden.

"Det er sjelden vi ser evigheten. På Varhaug gamle kirkegård ser vi den." Slik skreiv journalist og forfattar Per Thomsen etter ei gravferd på staden i 1968. Eg trur eg skjønner opplevinga hans. Dette er ein fascinerande og veldig spesiell stad!

Eg føyer staden til lista over thin places.

søndag 23. mars 2008

Bakgrunnsstoff om påsken

Påsken er slett ikkje over ennå! I kyrkjeåret varer påsketida heilt fram til pinse, og det er Jesu oppstode som er det store og viktige tema i denne utvida påskefeiringa.

Påsken er den eldste kristne høgtida og heile kyrkjeåret er bygd opp med utgangspunkt i påsken. Den første kristne påskedagen var den dagen då Jesus stod opp av grava og dette gav den første vekedagen ei unik tyding for dei første kristne. Kvar søndag er eigentleg ein påskedag. (les meir)

Ei bøn på påskedagen

Lova vere du, vår Gud og Far! Himmelen og jorda syng av glede denne morgonen då lyset sprengde seg veg inn i gravmørket og Kristus stod opp av døden som den første av mange. Vi fattar det ikkje, det er for underfullt for oss at det som skjedde den morgonen i gravhagen, også kan skje for oss. Derfor ber vi deg: Kom til oss, Herre Jesus! Gjev deg til kjenne for oss og tak redsla vår bort! For berre då kan vi tru det som ikkje skjer og håpa det som ingen ser: at som du lever, skal også vi leva. I denne levande vona vil vi lova og prisa deg, du livsens sigerherre, frå æve til æve.

Denne kollektbøna for påskedagen er skriven av den danske presten Holger Lissner og er tatt med i Bøneboka (bøn nr 332).

God påske!

Eg ønskjer alle lesarar ein god påske!

Her er evangeliet for påskedag:

Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre disippelen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3 Då tok Peter og den andre disippelen ut og kom til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre disippelen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre disippelen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk disiplane heim. (Joh 20,1-10)

laurdag 22. mars 2008

Påskeaftan

Eg har vore på ferie på Sørlandet nokre dagar og har kome heim nå i kveld for å feira påskehelga i eigen kyrkjelyd. I kveld kl 23 skal eg på påskenattmesse i Time kyrkje. I morgon på høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje.

Påske er ei flott høgtid som rommar så mykje. Det dreier seg både om smerte og om glede. Eg vil likevel seia at Guds frelseshandlingar og håpet om det evige liv er det sentrale av påskebodskapen.

fredag 21. mars 2008

Langfredag

Det er langfredag i dag, ein spesiell heilagdag. Jesu død på korset står i sentrum. (les meir)

Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
(Jes 53,5)

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja